Beskrivelse
Arbeidsoppgåver
-
Oppfølging og rettleiing av tenestemottakarar
-
Målretta miljøarbeid og fagleg oppfølging
-
Kartlegging, dokumentasjon og evaluering av tiltak
-
Bidra til meistring, deltaking og livskvalitet
-
Samarbeid med pårørande og samarbeidspartnarar
-
Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid
-
Rettleie kollegaer og studentar ved behov
-
Bidra til fagleg utvikling av tenestene
Kvalifikasjonar
-
Autorisasjon som vernepleiar er ønskjeleg
-
Andre med relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan bli vurderte
-
Erfaring frå miljøarbeid, psykisk helsearbeid eller liknande tenester er ein fordel
-
God digital kompetanse
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Førarkort klasse B
Det er krav om godkjend politiattest.
Vi vektlegg at du
-
er trygg i møte med menneske
-
har gode samarbeidsevner
-
er fagleg engasjert og utviklingsorientert
-
arbeider strukturert og sjølvstendig
-
bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
er fleksibel og løysingsorientert
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
-
Moglegheit til å vere med på utvikling av nye tenester
-
Fagleg utvikling og kompetanseheving
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
Pensjonsordning i KLP.
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Om arbeidsgiver
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen omkransa av tre nasjonalparkar. Kommunen har 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt. Som innabygds buande har du fortrinnsrett på reinsjakt hjå den lokale grunneigaren.