Ledig StillingLedig stilling

Miljøterapeut

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde · Førde

Beskrivelse

Ungdomsavdeling psykisk helsevern (UPH) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen 12-18 år, og den einaste av sitt slag i Helse Førde. Avdelinga har akutt-, intermediær- og langtidsplassar. 

Vi søkjer miljøterapeut med medisinsk kompetanse (sjukepleiar/vernepleiar):  

  • 100 % fast stilling med oppstart i januar 2027
  • Stillinga inngår i tredelt turnus, med moglegheit for langvakter.

Vi ønskjer å fremje kjønnsbalanse i avdelinga og oppmodar difor menn til å søkje. 


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
  • Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner 
  • Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar

Kvalifikasjonar

  • Må ha medisinsk kompetanse, til dømes autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
  • Må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Roger Kalstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 786

Arbeidssted

Svanehaugvegen 7
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5205446067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Besøk vår hjemmeside

Om stillingen

Publisert6. november 2026
Søknadsfrist22. november 2026
Sist oppdatert6. november 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformFast
SektorOffentlig
Antall stillinger1

Kontaktperson

NavnFrank Roger Kalstad
StillingSeksjonsleiar

Lokasjon

Laster kart...

Del annonsen

Lignende stillinger