Beskrivelse
Personlig assistent 100% vikariat - Halsnøy
Vi søker etter ein medarbeidar til ein spennande og variert jobb. Stillinga er Personlig assistent under Heimetenesta på Halsnøy. Stillinga er vikariat i 100% og inneber tett samarbeid med brukar som har behov for praktisk og personleg assistanse i kvardagen.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera å assistera ved personleg stell og hygiene, samt praktisk bistand i heimen. Støtte til transport og sosiale aktivitetar, samt støtte og hjelp etter brukars behov.
Stillinga har arbeid i turnus med langvakter, kvardag og kvar 3. helg. 35,5 t/v og lønna som fagarbeidar.
Kvalifikasjonar:
- Evne til å jobba sjølvstendig, men samtidig vera ein god samarbeidspartner
- God munnleg og skriftleg norsk framstilling
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og taklar arbeidsdagar med endring
- Ansvarsbevisst og lojal
- Er trygg i pleiesituasjonar og evnar til sjølvstendig arbeid
- Tolmodig, fleksibel og empatisk
- Erfaring fra arbeid med mennesker
Personlege egenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr:
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekking av flytteutgifter etter nærmare reglar
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern §6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar §19, Helsepersonellova §20 og helse og omsorgstenesta §5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiver
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Om stillingen
Publisert4. november 2026
Søknadsfrist30. november 2026
Sist oppdatert4. november 2026
Heltid eller deltidHeltid
AnsettelsesformVikariat
SektorOffentlig
Antall stillinger1
Kontaktperson
Kategorier
Hjemmehjelper og personlig assistent
Lokasjon
Laster kart...