Beskrivelse
Kvalifiseringssenteret for innvandrarar er ei avdeling for opplæring i norsk språk etter integreringslova og grunnskuleopplæring for vaksne etter opplæringslova, samfunnskunnskap, livsmeistring og arbeidsliv i Herøy kommune. Avdelinga er lokalisert ved gamle Bergsøy skule "Borga", og har for tida 15 tilsette.
Vi treng å ha nokon vi kan ringe til ved sjukdom og behov for ekstraarbeid. Du må vere fleksibel nok til å kunne jobbe både dag, kveld og helg.
Søknadsfrist er snarast, vi kontaktar aktuelle vikarar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av flyktningar, hovudsakleg ungdom
- besøk
- aktivitetar
- tilsyn
Kvalifikasjonar
- gjerne student innan sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning.
- interesse for, og gjerne erfaring frå å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
Personlege eigenskapar
- verdisyn, interesse og engasjement for å jobbe med menneske med fleirkulturell bakgrunn
- ønskje om å inspirere og motivere menneske i utfordrande livssituasjonar
- fleksibel og motivert for varierte arbeidsoppgåver, har god formidlingsevne og tydeleg kommunikasjon
- god på samarbeid i team og tverrfagleg samhandling
- evne og vilje til målretta og sjølvstendig arbeid
Vi tilbyr
- eit aktivt, mangfaldig og sosialt arbeidsmiljø
- fagleg utvikling, deling og læring i eit kompetanserikt fellesskap
- heilskapleg tenkjing med undervisning, karriere, arbeidsliv og livsmeistring
- personleg rettleiing og samhandling
- god pensjonsordning og fritidsforsikring gjennom KLP
- IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Camilla Storøy, Avdelingsleiar kvalifiseringssenteret, +47 41424728Arbeidsstad
Lisjebøvegen 236091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5199696721
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Om arbeidsgiver
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Om stillingen
Kontaktperson
Lokasjon
Laster kart...